Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Me har ledig 100 % fast stilling som Rådgjevar Eigedom med oppstart så snart som råd. Stillinga er plassert i kommunalavdeling for Samfunnsutvikling og Kultur.
Innhald i stillinga:
Rådgjevar Eigedom i Voss herad skal bidra til å utvikle og forvalte ein framtidsretta eigedomsportefølje som støttar heradet sine mål for samfunns- og tenesteutvikling. Stillinga har ei sentral rolle i å identifisere moglegheiter, greie ut utviklingsprosjekt og omsetje eigedomsstrategien til konkrete tiltak.
Rådgjevaren skal vere ein pådrivar for utvikling av eigedomsporteføljen, effektiv arealbruk, verdiskaping og berekraftige løysingar, og bidra til å utvikle eigedom som eit strategisk verkemiddel for Voss herad. Stillinga omfattar òg ansvar for forvaltning av eigedomsporteføljen, mellom anna utvikling og oppfølging av leige- og bruksavtalar, kontraktsforhandlingar, fakturering og systematisk gjennomgang av eigedomsmassen. Vidare inngår handsaming av juridiske og eigedomsfaglege problemstillingar knytt til eigedomsgrenser, hefter, kontraktsvilkår, reguleringsplanar, utbyggingsavtalar og anna relevant lovverk.
Me tilbyr:
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
- Eit arbeidsfellesskap som er engasjert i innovasjon og utvikling.
- God tilrettelegging for fagleg og personleg utvikling.
- Fleksibilitet til å påverka sjølve stillinga og arbeidsdagen.
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Fleksitid som gir god balanse mellom arbeid og fritid.
- Løn etter kommunalt avtaleverk, samt konkurransedyktige forsikrings- og pensjonsordningar.
Krav
- Du har høgare utdanning innan relevante fagområde som eigedomsforvaltning, juss, ingeniørfag eller liknande.
- Du har erfaring eller kjennskap til offentleg forvaltning og tilhøyrande regelverk.
- Du har gode ferdigheiter i både skriftleg og munnleg norsk.
- Du har god digital kompetanse og motivasjon for å ta i bruk nye digitale løysingar.
- Du innehar førarkort klasse B.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level