Autosøk

Leiar for økonomi

Ansvarsområde

5705 Voss

Stillingsbeskrivelse

Er du oppteken av fornybar energi og ønskjer å bidra til solid økonomisk styring i eit lokalt kraftkonsern som leverer samfunnskritiske tenester? Då kan du vere vår nye leiar for økonomi.

Me søkjer ein operativ og strategisk leiar for økonomi som vil sikre god økonomikontroll, effektive prosessar og robust styring i ei verksemd der stabil drift er avgjerande. Du vil få ei sentral rolle i oppfølginga av lønsemd, investeringar og risiko innan kraftproduksjon og infrastruktur som samfunnet er heilt avhengig av.

Som del av konsernleiinga vil du medverke til at Voss Energi leverer trygge og pålitelege tenester, samstundes som me vidareutviklar verksemda i møte med nye krav og moglegheiter i energimarknaden.

Om stillinga

Som leiar for økonomi har du det heilskaplege ansvaret for konsernet sin økonomifunksjon. Stillinga er organisert i morselskapet Voss Energi AS og rapporterer til konsernsjef. Du inngår i konsernet si leiargruppe.

Ansvarsområde

  • Overordna ansvar for rekneskap og økonomirapportering i konsernet
  • Finansiering og likviditetsstyring
  • Budsjett- og prognoseprosessar
  • Fakturering og lønskøyring
  • Investeringsanalysar og prosjektoppfølging, særleg innan kraftutbygging og nett
  • Risikostyring og internkontroll
  • Dialog med styre, revisor og relevante myndigheiter
  • Vidareutvikling av økonomifunksjonen og digitale løysingar
  • Strategiske bidrag i konsernleiinga
  • Myndigheitsrapportering, økonomiske analysar og statistikk

Krav

  • Du må ha høgare utdanning innan økonomi og/eller rekneskap, eller relevant erfaring.
  • Du må ha solid erfaring med økonomistyring.
  • Du må ha god forståing for rekneskap og finans.
  • Du må ha kompetanse innan IT og digitale løysingar.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Ferdigheter

ØkonomistyringRekneskapFinansBudsjetteringRisikostyringStrategisk leiingDigitaliseringInvesteringsanalyse

Erfaring

senior

Lignende jobber