Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga og arbeidsstaden
Vi treng ein meklar som er tilsett som fagperson i offentleg helse- og sosialinstans på Voss.
Arbeidsoppgåver
Foreldre med barn under 16 år må møte til mekling dersom dei flyttar frå kvarandre. Målet med meklinga er at foreldra skal komme fram til ei avtale om foreldreansvar, fast bustad og samvær. Avtala skal ta utgangspunkt i kva som er best for barnet. Foreldra må også møte til mekling før sak om foreldreansvar, fast bustad eller samvær kan bringast inn for domstolen. Plikta er lovbunden og følgjer av ekteskapslova og barnelova.
Dei fleste meklingane vert utførte av meklarar tilsette i familievernet. For å ha eit tilstrekkeleg dimensjonert meklarkorps, knyter Bufetat i tillegg til seg eksterne meklarar ved behov.
Kva bakgrunn har du?
Advokatar, psykologar, psykiatarar, prestar eller forstandarar i registrerte trussamfunn, eller fagpersonar tilsette i offentleg helse- og sosialinstans eller ved pedagogisk-psykologisk tenestekontor, kan få bevilling som ekstern meklar. Meklaren må ha gode kunnskapar om vaksne og barn sine reaksjonar i og etter samlivsbrot, samt vere godt orientert om relevante faglege og juridiske problemstillingar. Før løyve vert gitt, må kandidaten delta på obligatorisk grunnkurs for meklarar og hospitere ved det næraste familievernkontoret.
For fagperson i offentleg stilling er det ein føresetnad at arbeidsgjevar tar på seg arbeidsgjevaransvar for meklaren. Arbeidsgjevaren, arbeidstakaren og Bufetat må inngå ei avtale om dette.
Opplysningar til deg som søkjar
Honorar vert gitt etter faste satsar. Oppdrag etter behov.
Krav
- Du må vere tilsett som fagperson i offentleg helse- og sosialinstans på Voss.
- Du må ha relevant utdanning som advokat, psykolog, psykiater, prest, forstandar eller fagperson i offentleg helse- og sosialinstans/PPT.
- Du må ha gode kunnskapar om vaksne og barn sine reaksjonar i og etter samlivsbrot.
- Du må vere godt orientert om relevante faglege og juridiske problemstillingar knytt til foreldreansvar og samvær.
- Du må delta på obligatorisk grunnkurs for meklarar og hospitere ved næraste familievernkontor.
- Arbeidsgjevar må ta på seg arbeidsgjevaransvar for meklaren gjennom ei avtale med Bufetat.
Ferdigheter
Lønn
Honorar vert gitt etter faste satsar.
Erfaring
mid-level