Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Hardanger fartøyvernsenter (HFS) er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter i Noreg, og ei avdeling i Hardanger og Voss Museum. HFS er ei allsidig verksemd. Avdelinga held til i Norheimsund og har 45 medarbeidarar som driv med restaurering av verna og freda fartøy og bygningar, nybygging og restaurering av småbåtar, lærlingtilbod, museumsverksemd, forsking, dokumentasjonsarbeid og aktiv formidling med ope for publikum året rundt.
Arbeidsoppgåver:
- Skipstømring, innreiing m.m. i samband med istandsetjing av verna, freda tre- og stålfartøy.
- Instruksjon av lærlingar.
Vi tilbyr:
- Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
Krav
- Du må ha fagbrev som trebåtbyggjar, eller annan relevant bakgrunn som tømrar eller møbelsnikkar.
- Du må ha teknisk forståing for korleis eit fartøy er bygd.
- Du må ha kunnskap om historiske fartøy og maritim kulturhistorie.
- Du må meistre norsk språk godt.
- Du må vere ryddig, engasjert og ein god lagspelar som set høge krav til kvalitet.
Ferdigheter
TrebåtbyggingSkipstømringAntikvarisk istandsettingHMT-forståingInstruksjon av lærlingarMaritim kulturhistorie
Erfaring
mid-level