Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Ringevikar på Vossestrand
Voss herad si kommunalavdeling for helse og omsorg søkjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera.
Vossestrand omsorg har behov for vikarar som kan hjelpe med helg og kveldsarbeid. Sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, elevar, studentar og assistentar er oppmoda om å søkje.
Om avdelinga
Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim, ca. 2 mil frå Voss sentrum. Det er 26 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar.
Arbeidsoppgåver
- Heilheitleg pleie og omsorg av våre bebuarar.
- Turnusarbeid med kveld- og helgearbeid.
Me tilbyr
- Gode vilkår for fagleg utvikling.
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
- Godt arbeidsmiljø.
- Yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Gode pensjonsordningar.
- Løn etter kommunalt avtaleverk.
Krav
- Du må ha interesse for eldreomsorg.
- Du må vere villig til å jobbe kveld og helg.
- Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.
- Sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, elevar, studentar og assistentar vert oppmoda om å søkje.
Ferdigheter
Pleie og omsorgEldreomsorgTverrfagleg samarbeidTurnusarbeid
Erfaring
entry-level