Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Bli med og bygg opp eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern!
Psykose sengepost Sunnmøre søker ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar til stilling som sjukepleiar. Oppstart 11. august 2026.
Vi tilbyr for tida langvakter på natt og arbeid kvar fjerde helg. Psykose Sunnmøre opna i oktober 2025, og du får her ei unik moglegheit til å vere med på vidareutviklinga av ein heilt ny sengepost med høge ambisjonar for fag, kvalitet og pasienttryggleik.
Seksjonen tilbyr utgreiing og behandling for personar med psykoselidingar som treng døgnopphald. Vi jobbar tverrfagleg i team beståande av psykiater, psykologspesialist, LIS3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid etter individuelle behandlingsmål og tiltaksplanar
- Fagleg oppdatering og etterleving av gjeldande rutinar og retningsliner
- Deltaking i obligatorisk MAP-opplæring (handtering av aggresjonsproblematikk)
- Ansvarsvakt, med koordinering og beslutningsstøtte
- Bidrag til fag- og kvalitetsutvikling, inkludert forbetringsarbeid og deltakelse i fagmøte
- Rettleiing av studentar, nytilsette og samarbeidspartnarar
- Aktiv deltagar i å bygge eit trygt, varmt og godt arbeids- og læringsmiljø
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå psykisk helsevern.
- Du må vere interessert i arbeid med menneske med psykoselidingar.
- Du må kunne arbeide godt tverrfagleg og byggje gode relasjonar.
Ferdigheter
SjukepleiePsykisk helsearbeidTverrfagleg samarbeidMAP-opplæring (handtering av aggresjon)PasientbehandlingRettleiing
Erfaring
junior