Autosøk

I Sygnir jobbar du med det som betyr noko, kvar dag!

Sygnir

Dalavegen 25, 6856 Sogndal

Stillingsbeskrivelse

I Sygnir jobbar du med det som betyr noko, kvar dag!

Våre energimontørar jobbar for å sikre trygg og effektiv drift av samfunnskritisk infrastruktur. Arbeidet er svært variert. Me har stor aktivitet og søkjer energimontør til montørbasen i Sogndal og Aurland.

Elektrifiseringa av samfunnet gir oss stadig meir å gjera, og me gjer store investeringar i nettet for å møte framtida. No treng me fleire energimontørar. På montørbasen blir du del av eit fagmiljø med kort veg til avgjerd og høg grad av involvering.

Kvifor Sygnir?

Hos oss får du ein kvardag som kombinerer moderne teknologi, praktisk arbeid i felt og variert terreng som gir deg faglege utfordringar. Me jobbar breitt -- med høgspent, lågspent, kabelanlegg, nettstasjonar og kundetenester -- og treng folk som vil utvikla seg.

Dette vil du jobbe med

Som energimontør hos oss jobbar du med bygging, montasje og dokumentasjon av høg- og lågspent anlegg, kabelanlegg, nett- og transformatorstasjonar og linjenett. Du deltek i drift, vedlikehald, inspeksjon og befaring av anlegg, og kan inngå i beredskaps- og vaktordning.

Krav

  • Du må ha fagbrev som energimontør.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Du må ha erfaring frå arbeid i felt.
  • Du må jobbe trygt, strukturert og ta HMS på alvor.
  • Du må vere ein lagspelar som inkluderer andre og bidreg til godt miljø.

Ferdigheter

EnergimontørfagetHøgspent og lågspent anleggKabelanlegg og nettstasjonarHMS-forståingDokumentasjon av anleggBeredskapsarbeid

Erfaring

mid-level

Lignende jobber