Autosøk

Ta del i å setje standarden for framtidas havbruk

Eide Fjordbruk

Støavegen 98, 5640 Eikelandsosen

Stillingsbeskrivelse

Ta del i å setje standarden for framtidas havbruk

Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. For å nå denne visjonen er me avhengige av dyktige og motiverte kollegaer.

Me søkjer no driftsleiar til settefiskanlegget vårt K.J Eide. Som driftsleiar ved settefiskanlegget får du ei sentral rolle med ansvar for den daglege drifta, produksjonen og oppfølging av medarbeidarane ved anlegget. Du skal leggje til rette for ei trygg, effektiv og berekraftig drift, og vere ein pådrivar for kontinuerleg forbetring av arbeidsprosessar, kvalitetssystem og resultat.

Eksempel på arbeidsoppgåver:

  • Planleggje og koordinere den daglege drifta
  • Leie og følgje opp medarbeidarar, og bidra til ein god HMS-kultur
  • Sikre etterleving av interne rutinar og kvalitetssystem
  • Følgje opp produksjonsdata, rapportering og dokumentasjon
  • Bidra til utvikling av verksemda og realisering av strategiar og målsetjingar
  • Bidra til godt samarbeid på tvers av lokalitetar og produksjonsledd

Krav

  • Du har fagbrev eller utdanning innan akvakultur, eller anna relevant erfaring.
  • Du har erfaring frå havbruksnæringa.
  • Du har leiarerfaring eller erfaring med koordinering og oppfølging av medarbeidarar.
  • Du er oppteken av berekraft, fiskevelferd og god produksjon.
  • Du bidreg til ein god HMS-kultur og arbeider strukturert.
  • Du tek ansvar, viser initiativ og har god gjennomføringsevne.

Ferdigheter

AkvakulturHMS-kulturProduksjonsstyringLeiarerfaringKvalitetssystemRapporteringFiskevelferd

Erfaring

mid-level

Lignende jobber