Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
100 % fast stilling som fagsjukepleiar
Vil du vere med å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein engasjert fagsjukepleiar som vil bidra til kvalitet, kompetanse og gode pasientforløp – og vere ein viktig pådrivar i utviklinga av eit sterkt fagmiljø på tvers av heimetenesta og Skjåkheimen.
Om stillinga
Stillinga er nyoppretta og delt mellom Skjåkheimen og heimetenesta. Du får ei sentral rolle i å styrkje samhandling, utvikle fag og sikre gode pasientforløp og god ressursutnytting på tvers i tett samarbeid med avdelingsleiarar og tenesteleiar. Stillinga kombinerer klinisk arbeid med fagutvikling og administrative oppgåver og gir gode moglegheiter til å påverke og utvikle tenestene.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for fag, kvalitet og kompetanseheving.
- Rettleie og støtte kollegaer og studentar.
- Bidra til fagutvikling, oppfølging av prosedyrar og internundervisning.
- Delta i tverrfagleg samarbeid og pasientoppfølging.
- Bidra til god samhandling mellom heimetenesta og institusjon.
Vi tilbyr
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale. Pensjonsordning i KLP.
Krav
- Du må vere autorisert sjukepleiar.
- Du må ha interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid.
- Du må ha gode norskkunnskapar.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Du må vere sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level