Autosøk

Sjukepleiar

Allmenn- og alderspsykiatri døgn SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Stillingsbeskrivelse

Sjukepleiar

Allmenn- og alderspsykiatri SNR ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk sjukepleiar med nok audmjukheit til å kjenne sin eigen styrke og begrensningar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing.
  • Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollegaer i sengeposten og poliklinikk.
  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak.
  • Halde seg fagleg oppdatert og følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak.
  • Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane.
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid.
  • Ein inkluderande arbeidsplass.
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar.
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.

Krav

  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
  • Du må vere fysisk og psykisk eigna til stillinga.
  • Du må vere omstillingsdyktig og kunne ta utfordringar på sparket.
  • Du må vere ein god relasjonsbyggar som er flink til å samarbeide på tvers av yrkesgrupper.

Ferdigheter

SjukepleieMiljøarbeidPasientoppfølgingTverrfagleg samarbeidKartlegging og utgreiingRelasjonsbygging

Erfaring

mid-level

Lignende jobber