Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Miljørettleiar
På Hauge oppvekst har vi ledig ei 100% mellombels stilling som miljørettleiar på Hauge skule for skuleåret 2026-2027.
Hauge oppvekst er eit oppvekstsenter som består av Stasjonen barnehage med tre avdelingar og Hauge skule som er ein barne- og ungdomsskule med 94 elevar. Vi er eit oppvekstsenter som jobbar etter PALS-modellen. Dette er med på å gjere oss gode i arbeidet med å skape eit trygt miljø for barn i barnehagen og elevar i skulen. Vi jobbar systematisk med felles reglar, ros og god klasseleiing. Inkluderande barnehage- og skulemiljø, psykisk helse og godt samarbeid med heimen er sentrale tema hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksenperson for elevane.
- Vere aktivt med i skulen sine førebyggande planar og arbeidet med elevane sine rettar til eit trygt og godt skulemiljø.
- Hjelpe til ved konflikthandtering og utfordringar med klassemiljø.
- Vere til stades for elevane i fellesareal og i friminutta.
- Motivere, rettleie og sette i gong aktivitetar og prosjekt.
- Samarbeide tett med pedagogar, elevråd, leiing og føresette.
- Vere ein del av skulen sitt PALS-team.
- Vere ein trygg vaksen i tilrettelagt opplegg for ungdom.
Krav
- Du må ha godkjent utdanning som vernepleiar, sosionom eller barnevernspedagog.
- Du må ha gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk.
- Du må vere ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen med god relasjonskompetanse.
- Du må vere fleksibel, løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag.
- Du må vere sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar.
Ferdigheter
RelasjonskompetanseKonflikthandteringPALS-modellenKlasseleiingRettleiingPsykisk helsearbeid
Erfaring
mid-level