Postdoktor (3 stillingar) ved Det medisinske fakultet
Universitetet i Bergen
Jonas Lies vei 87 og 91 og Årstadveien 17 og 21, 5009 Bergen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Postdoktor (3 stillingar) ved Det medisinske fakultet
Ved Det medisinske fakultet er det ledig tre (3) opne stillingar som postdoktor frå februar 2027. Tilsetjinga gjeld for ein periode på tre (3) år i 100 % stilling.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Postdoktoren kan verte pålagt pliktarbeid ved instituttet eller fakultetet, som til dømes undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing. Stillingane vil bli knytt opp mot det instituttet det er naturleg at prosjektet til søkjaren høyrer til. For at søknaden skal verte vurdert, må kandidaten byte forskingsmiljø frå der ph.d. arbeidet vart gjennomført.
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
- Gode velferdsordningar, inkludert pensjonssparing i statens pensjonskasse, yrkesskadeforsikring, full løn under sjukefråvær i 52 veker og betalt foreldrepermisjon.
- Trening i arbeidstid.
- Norskkurs utan kostnad.
- Fleksible arbeidsordningar og eit støttande arbeidsmiljø.
Krav
- Søkjar må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha fått godkjent doktoravhandlinga innan søknadsfristen er ute.
- Disputas må vere gjennomført og godkjend på tilsetjingstidspunktet.
- God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.
- Kandidaten må byte forskingsmiljø frå der ph.d. arbeidet vart gjennomført.
- Søknaden må innehalde alle påkravde vedlegg frå både kandidat og mentor for å bli vurdert.
Ferdigheter
ForskingAkademisk skrivingProsjektleiingUndervisningRettleiingEngelsk språk
Lønn
690 000 - 725 000 NOK
Erfaring
mid-level