Autosøk

Er du ingeniør eller teknolog og vil bidra til eit tryggare samfunn?

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

3115 Tønsberg

Stillingsbeskrivelse

Vil du vere med på å utvikle framtidas naudkommunikasjon i Noreg?

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) søkjer etter ein fagressurs som ynskjer og kombinere teknologi, beredskap og samfunnstryggleik og vere med på å utvikle framtidas naud- og beredskapskommunikasjon og naudmeldingsteneste.

Dette er ein spennande moglegheit for deg som ynskjer å jobbe i skjeringspunktet mellom samfunnstryggleik, offentleg forvaltning, teknologi og beredskap.

Arbeidsoppgåver

Du vil få ein variert arbeidskvardag med ansvar for å:

  • Leie og delta i prosjekt-, utgreiings- og utviklingsarbeid knytt til nytt naudnett, naudmeldingstenesta og naud- og beredskapskommunikasjon for brann- og redningsvesen og 110-sentralar.
  • Samarbeide med interne og eksterne fagmiljø innan naudkommunikasjon og tverretatleg naudmeldingsteneste.
  • Bidra med tekniske vurderingar og rådgiving i beslutningsprosessar knytt til arkitektur, teknologi og løysingar for naudmeldingsteneste.
  • Gi råd og rettleiing til kommunale og interkommunale brann- og redningsvesen og 110-sentralar.
  • Saksbehandle, samanstille, utarbeide og formidle informasjon til ulike målgrupper.
  • Gjennomføre tilsyn med brann- og redningsvesen og 110-sentralar.

Krav

  • Du må ha relevant mastergrad innan ingeniørfag, teknologi, IKT, telekommunikasjon eller tilsvarande fagområde.
  • Du må ha god forståing for IT-system som stiller krav til høg tilgjengelegheit, sikkerheit og robustheit.
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk.
  • Du må vere ein relasjonsbyggjar som støttar andre og skaper godt samarbeid.
  • Du må ha gjennomføringsevne og evne til å arbeide planmessig og effektivt.
  • Du må vere analytisk og evne å forstå komplekse problemstillingar.

Ferdigheter

ProsjektleiingTelekommunikasjonDatakommunikasjonIT-arkitekturSamfunnstryggleikBeredskapskommunikasjonTilsynsarbeidRådgivning

Lønn

700 000 - 950 000 NOK

Erfaring

mid-level

Lignende jobber