Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Barnehagelærar, 80% vikariat i Svingen barnehage
Svingen barnehage har ledig 80 % vikariat som barnehagelærar frå 10.08.26 til 24.12.26, med mogleheit for forlenging ut barnehageåret.
Svingen barnehage har eit flott nybygg som sto ferdig hausten 2023. Dette er ein kommunal barnehage i Fitjar kommune. Den ligg like utanfor Fitjar sentrum, og vil til hausten 2026 ha fire avdelingar. Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde nær bustadområdet Rossneset. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til utmark, sjø, skog og fjell.
Dei tilsette er opptekne av å skape eit godt fagleg og sosialt miljø. I dei to neste åra skal barnehagen vera med i eit læringsmiljøprosjekt initiert av UDIR og statsforvaltaren i Vestland. Hovudoverskrifter i prosjektet er psykososialt barnehage- og skulemiljø.
Arbeidsoppgåver:
- Gi omsorg og støtte til barn i alderen 0-6 år
- Utvikle, støtte og rettleie barns leik
- Bidra til å skape aktivitetar i kvardagen saman med barna
- Bidra med det pedagogiske arbeidet på avdelinga, og motivera medarbeidarar til utvikling
- Samarbeid med føresette
Krav
- Du må ha utdanning som barnehagelærar eller anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk.
- Du må ha god IKT-kompetanse.
- Du må vere påliteleg, stabil og ansvarsfull i rolla.
- Du må ha evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig.
- Du må trivast med å vere ute store delar av dagen, uavhengig av ver og årstid.
- Du må kunne leggje fram gyldig politiattest.
Ferdigheter
Erfaring
entry-level