Autosøk

Leiar for økonomi i lokalt kraftkonsern

Voss Energi AS

5705 Voss

Stillingsbeskrivelse

Leiar for økonomi i lokalt kraftkonsern

Er du oppteken av fornybar energi og ønskjer å bidra til solid økonomisk styring i eit lokalt kraftkonsern som leverer samfunnskritiske tenester? Då kan du vere vår nye leiar for økonomi.

Me søkjer ein operativ og strategisk leiar for økonomi som vil sikre god økonomikontroll, effektive prosessar og robust styring i ei verksemd der stabil drift er avgjerande. Du vil få ei sentral rolle i oppfølginga av lønsemd, investeringar og risiko innan kraftproduksjon og infrastruktur som samfunnet er heilt avhengig av.

Som del av konsernleiinga vil du medverke til at Voss Energi leverer trygge og pålitelege tenester, samstundes som me vidareutviklar verksemda i møte med nye krav og moglegheiter i energimarknaden.

Ansvarsområde

  • Overordna ansvar for rekneskap og økonomirapportering i konsernet
  • Finansiering og likviditetsstyring
  • Budsjett- og prognoseprosessar
  • Investeringsanalysar og prosjektoppfølging
  • Risikostyring og internkontroll
  • Vidareutvikling av økonomifunksjonen og digitale løysingar

Krav

  • Du må ha høgare utdanning innan økonomi og/eller rekneskap, eventuelt relevant erfaring.
  • Du må ha solid erfaring med økonomistyring.
  • Du må ha god forståing for rekneskap og finans.
  • Du må ha kompetanse innan IT og digitale løysingar.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må kunne gjennomgå bakgrunnssjekk i medhald av kraftberedskapsforskrifta.

Ferdigheter

ØkonomistyringRekneskapFinansBudsjetteringRisikostyringInvesteringsanalyseDigitaliseringLeiarerfaring

Erfaring

senior

Lignende jobber