Autosøk

Prosjektleiar Infrastruktur

Vil du leie nokre av dei mest spanande bru- og infrastrukturprosjekta på Vestlandet?

Storhaugvegen 130, 5416 Stord

Stillingsbeskrivelse

Vil du leie nokre av dei mest spanande bru- og infrastrukturprosjekta på Vestlandet?

Leirvik AS har dei siste åra levert fleire viktige infrastrukturprosjekt, mellom anna Hangarbrua til Statens vegvesen, og nylig Marinebroen for GC Rieber i Bergen. No arbeider vi med Grøttabrua for Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi ser ein aukande aktivitet innan marknadsområdet Infrastruktur og søkjer no ein erfaren og engasjert prosjektleiar som vil vere med å forme framtidas prosjekt saman med oss.

Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i planlegging, gjennomføring og oppfølging av komplekse prosjekt, frå kontraktsgjennomgang til overlevering. Du vil samarbeide tett med kundar, leverandørar og interne fagmiljø, og bidra til vidare vekst og utvikling innan infrastrukturområdet.

Arbeidsoppgåver

  • Leiing og gjennomføring av infrastrukturprosjekt i samsvar med Leirvik sine prosjektstyringsprosessar
  • Sikre god framdrift, kvalitet, økonomi og HMS i prosjekta
  • Byggje og vidareutvikle gode kunderelasjonar
  • Bidra i tilbodsarbeid og utvikling av nye prosjektmoglegheiter
  • Samarbeide tett med produksjon, innkjøp, engineering og andre fagmiljø
  • Delta i utviklinga av marknadsområdet Infrastruktur

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle i samfunnsviktige prosjekt
  • Eit trygt og godt arbeidsmiljø i «Leirvik-familien»
  • Spanande faglege utfordringar og varierte arbeidsdagar
  • Dyktige kollegaer med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår og tilbod om kjøp av aksjar i selskapet
  • Gode pensjons- og velferdsordningar

Krav

  • Du har bachelor- eller masterutdanning innan relevante fagområde.
  • Du har erfaring som prosjektleiar, gjerne innan bygg, infrastruktur, bru, stål eller tilsvarande industri.
  • Du har god forståing for kontraktar, økonomi og prosjektstyring.
  • Du har gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.
  • Du er ein trygg og samlande lagspelar som er strukturert, ryddig og løysingsorientert.

Ferdigheter

ProsjektleiingKontraktforståingØkonomistyringHMS-oppfølgingKunderelasjonarStrategisk planleggingKommunikasjon

Erfaring

senior

Lignende jobber