Autosøk

Rådgjevar vegplanlegging - Voss

FINN-kode

Regimentsvegen 158, 5705 Voss

Stillingsbeskrivelse

Norconsult har nokre av Noregs skarpaste hovud innan veg- og gateplanlegging – folk som brenn for gode løysingar, smarte prosessar og prosjekt som faktisk gjer ein skilnad. Me leverer heildigitale prosjekt i verdsklasse, men evnar òg å skape berekraftige og kostnadseffektive løysingar der behova er litt enklare.

Hjå oss finn du kompetanse innan heile spekteret av samferdsle- og mobilitetsoppgåver, og innan alle planfasar og nivå. Det kan vere alt frå små moglegheitsstudiar til store og komplekse byggjeplanar. Me samarbeider tett med entreprenørar, me følgjer opp i byggjeperioden, og me legg til rette for ein arbeidskvardag med god variasjon, og ikkje minst eit hyggeleg miljø med solid fagleg tyngd.

Me opplever aukande oppdragsmengd og ynskjer å styrke kapasiteten vår innan vegplanlegging på Voss. Me tilbyr spanande arbeidsoppgåver med store moglegheiter for utvikling.

Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Oppdragsmedarbeidar og/eller fagansvarleg i tverrfaglege prosjekt, både store og små.
  • Planlegging og prosjektering innan alle planfasar og nivå.
  • Veg- og gateplanlegging inkludert tiltak for mjuke trafikantar.
  • Tverrfagleg modellsamhandling (BIM) for å utvikle nye og innovative løysingar og sikre god berekraft i oppdraga.
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag.
  • Oppfølging på anleggsplass.
  • Arbeide tett saman med entreprenørar i totalentreprisar.
  • Kontakt med kundar og samarbeidspartnarar.

Krav

  • Du har relevant utdanning på bachelor- eller masternivå.
  • Du har relevant erfaring innan vegplanlegging eller prosjektering.
  • Du har erfaring med aktuelle BIM- og prosjekteringsverktøy.
  • Du har god kjennskap til relevante forskrifter, standardar og rettleiingar.
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, med flytande norsk munnleg og skriftleg.

Ferdigheter

VegplanleggingGateplanleggingBIM (Bygningsinformasjonsmodellering)ProsjekteringSamhandlingKommunikasjon

Erfaring

mid-level

Lignende jobber