Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Prosjektleiar Infrastruktur
Vil du leie nokre av dei mest spanande bru- og infrastrukturprosjekta på Vestlandet? Leirvik AS har dei siste åra levert fleire viktige infrastrukturprosjekt, og vi søkjer no ein erfaren og engasjert prosjektleiar som vil vere med å forme framtidas prosjekt saman med oss.
Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i planlegging, gjennomføring og oppfølging av komplekse prosjekt, frå kontraktsgjennomgang til overlevering. Du vil samarbeide tett med kundar, leverandørar og interne fagmiljø, og bidra til vidare vekst og utvikling innan infrastrukturområdet.
Arbeidsoppgåver
- Leiing og gjennomføring av infrastrukturprosjekt i samsvar med Leirvik sine prosjektstyringsprosessar.
- Sikre god framdrift, kvalitet, økonomi og HMS i prosjekta.
- Byggje og vidareutvikle gode kunderelasjonar.
- Bidra i tilbodsarbeid og utvikling av nye prosjektmoglegheiter.
- Samarbeide tett med produksjon, innkjøp, engineering og andre fagmiljø.
Vi tilbyr
- Ei sentral rolle i samfunnsviktige prosjekt.
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø i «Leirvik-familien».
- Spanande faglege utfordringar og varierte arbeidsdagar.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og velferdsordningar.
Krav
- Du har bachelor- eller masterutdanning innan relevante fagområde.
- Du har erfaring som prosjektleiar, gjerne innan bygg, infrastruktur, bru, stål eller tilsvarande industri.
- Du har god forståing for kontraktar, økonomi og prosjektstyring.
- Du har gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.
- Du er ein trygg og samlande lagspelar som er strukturert, ryddig og løysingsorientert.
Ferdigheter
ProsjektleiingKontraktforståingØkonomistyringHMS-oppfølgingKunderelasjonarStrategisk planleggingKommunikasjon,Aluminiumskonstruksjonar (fordel)
Erfaring
mid-level