Autosøk

Pedagogisk leiar

Høyanger kommune Bjordal barnehage

Bjordal, 5962 Bjordal

Stillingsbeskrivelse

Pedagogisk leiar

Bjordal barnehage har ledig 40 % stilling som pedagogisk leiar frå snarast.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie barn og tilsette i barnehage
  • Ansvar for det pedagogiske arbeidet
  • Samarbeid med føresette
  • Dersom det blir bestemt at det frå hausten 2026 skal startast eit pilotprosjekt med å drifte Bjordal barnehage og Bjordal skule som eit felles oppvekstsenter, vil denne stillinga få ei utvida administrativ rolle.

Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre.

Kvifor søkje hos oss?

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter tariff
  • Kompetansetillegg iht protokoll
  • Rekrutteringstillegg kan tilkomme

Krav

  • Du må ha utdanning som barnehagelærar eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og målretta.
  • Du må kunne skape gode relasjonar til barn og vaksne.
  • Du må vere fleksibel og samarbeidsvillig.
  • Den som blir tilsett må levere godkjend politiattest før oppstart.

Ferdigheter

BarnehagepedagogikkPedagogisk leiingRelasjonsbyggingSamarbeidsevnerSjølvstendig arbeidMålretta arbeid

Erfaring

mid-level

Lignende jobber