Fagansvarleg ingeniør – Generell kjemi
Medisinsk biokjemi, Haugesund Sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Fagansvarleg ingeniør – Generell kjemi
Vil du vere med og utvikle fagområdet generell kjemi? På grunn av vekst i fagområdet søkjer vi no ein fagansvarleg ingeniør til eit spanande og framtidsretta fagmiljø ved Medisinsk biokjemi, Haugesund Sjukehus.
Du vil arbeide tett saman med to andre fagansvarlege ingeniørar og to fagingeniørar, og vere ein del av det større teamet innan medisinsk biokjemi. Fagområdet omfattar mellom anna klinisk kjemi, immunkjemi, allergi, spesialprotein og elektroforese.
Medisinsk biokjemi held til i nye og moderne lokale med fullautomatisert analysehall, og er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin. Avdelinga er akkreditert av Norsk akkreditering og har sterkt fokus på kvalitet og fagutvikling.
Kva går jobben ut på?
- Bidra til å styrkje, vidareutvikle og optimalisere rutinar og prosedyrar innan fagområdet.
- Ha spesialkompetanse og hovudansvar for sitt fagområde saman med andre fagansvarlege.
- Deltake i prosessar knytte til anskaffing, validering og verifisering av utstyr.
- Utføre ordinære driftsoppgåver ved Medisinsk biokjemi.
- Samarbeide tett med andre fagansvarlege, avdelingsoverlege og funksjonsleiar.
Stillinga er ei dagtidsstilling med 37,5t/uke og arbeid ca. kvar fjerde lørdag.
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som bioingeniør.
- Du må ha minimum 2 års erfaring innan medisinsk biokjemi.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå fagansvar og det aktuelle fagområdet.
- Erfaring med laboratorieautomatisering og større analyseinstrument er ein fordel.
- Du bør ha erfaring med prosedyreskriving og avvikshandtering.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, samarbeide godt med andre og ha pasienten i fokus.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level