Autosøk

Medarbeidar - Unikt teater

Klepp kommune, Kultur

Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp Stasjon

Stillingsbeskrivelse

Medarbeidar - Unikt teater

Kommunane Klepp, Time og Hå samarbeider om teatergruppa Unikt teater, som er eit kultur- og fritidstilbud for unge med funksjonsheimming. Nedre aldersgrense er 13 år. Gruppa har i dag ca 20 deltakarar. Unikt teater har vore drive i meir enn 10 år og er eit populært tilbod for målgruppa. Teatergruppa har ei årleg førestilling.

Tilsetjingsform

Medarbeidaren vil bli tilsett som oppdragstaker. Øvingstida for Unikt teater er 3-4 timar annakvar veke i tidsrommet kl 18.00 til 21.00. Øvinga skjer på ettermiddag/kveld og er for tida på Klepp ungdomsskule. Ein må rekna med noko meir øving på kveldstid og i helger i forkant av førestillinga. Driftsåret følgjer hovudsakleg skuleåret.

Arbeidsoppgåver

Medarbeidaren skal, i samråd med leiar, bidra til god organisering av øvingane, vera med å skapa eit godt miljø og godt innhald på øvingane. Dette inkluderer å følgja opp deltakarane på øvingane, ha kontakt med pårørande og/eller tilsette i bustadar, samt diverse praktiske oppgåver i tilknytting til dette.

Krav

  • Du har utdanning innan eller erfaring frå dramaturgi eller liknande.
  • Du har relevant utdanning og/eller erfaring frå miljøarbeid med målgruppa.
  • Du har erfaring og ferdigheiter innan musikk, dans eller produksjon av kostymer.
  • Du har førarkort for personbil.
  • Du har gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg.

Ferdigheter

DramaturgiMiljøarbeidMusikk og dansKostymeproduksjonKommunikasjonOrganiseringPraktisk problemløysing

Erfaring

entry-level, junior, mid-level

Lignende jobber