Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Miljøterapeut/miljøarbeidar
Vi søkjer etter miljøterapeut/miljøarbeidar i 100 % fast stilling med arbeid primært i heimeteneste for yngre brukarar med funksjonsnedsetting. Delar av stillinga vil vere knytt til ambulerande teneste for heimebuande i Stranda distrikt. Arbeidstid etter til ei kvar tid gjeldande turnus.
Arbeidsoppgåver
- Yte tenester til heimebuande personar i aldersgruppa 40 - 60 år med ulik grad av funksjonsnedsetting og heimebuande eldre.
- Ha evne til å styrke den einskilde si mestringsevne og til å leve eit aktivt og mest mogleg sjølvstendig liv.
- Utarbeide og følge opp mål og tiltaksplanar i samhandling med den einskilde.
- Sikre kvalitet i tenesteytinga i samsvar med gjeldande lovverk og den einskilde sitt behov.
- Legemiddelhandtering i samsvar med lovverk og interne rutinar.
Krav
- Du må ha helse- og sosialfagleg høgskule- eller fagarbeidarutdanning.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og samtidig ha gode evner til samarbeid.
- Du må kunne framvise politiattest av nyare dato.
Ferdigheter
MiljøarbeidMestringsoppfølgingTiltaksplanleggingLegemiddelhandteringSamarbeidsevnerSjølvstendig arbeid
Erfaring
mid-level