Autosøk

Sjukepleiar/nevrofysiologiteknikar

Nevro og revma poliklinikk, Helse Førde

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Stillingsbeskrivelse

Sjukepleiar/nevrofysiologiteknikar

Har du interesse for nevrologi og ønskjer å arbeide med mellom anna klinisk nevrofysiologi? Ved Nevro- og revmapoliklinikk har vi ledig ei 70 % fast stilling frå 1. oktober 2026.

Stillinga er primært knytt til fagfeltet nevrologi og klinisk nevrofysiologi (KNF), og gir høve til å arbeide i eit spennande og utviklande fagmiljø med høg kompetanse. Vi samarbeider tett med Avdeling for klinisk nevrofysiologi ved Nevroklinikken på Haukeland universitetssjukehus.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre klinisk nevrofysiologiske undersøkingar, hovudsakleg elektroencefalografi (EEG) og nevrografi (NCV).
  • Assistere ved og utføre polikliniske prosedyrar.
  • Klargjere, følgje opp og informere pasientar i samband med undersøkingar.
  • Arbeide sjølvstendig og bidra i tverrfagleg samarbeid.
  • Dokumentere og registrere i elektronisk pasientjournalsystem.

Krav

  • Du må vere offentleg godkjend sjukepleiar, eller ha anna relevant utdanning.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Du må ha gode IT-kunnskapar og teknisk forståing.
  • Du må kunne arbeide strukturert og sjølvstendig, samtidig som du fungerer godt i team.
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og eit tydeleg pasientfokus.

Ferdigheter

SjukepleieKlinisk nevrofysiologiEEG (elektroencefalografi)Nevrografi (NCV)PasientoppfølgingElektronisk pasientjournal (EPJ)Teknisk forståing

Erfaring

mid-level

Lignende jobber