Autosøk

Psykisk helse og rus

Øygarden kommune Psykisk helse og rus

Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Stillingsbeskrivelse

Sjukepleiar/vernepleiar - Oppfølgingstenesta, Psykisk helse og rus

Vil du vere med og gjere ein forskjell? Hos oss får du ein meiningsfull jobb der du kan bruke både fagkompetansen og relasjonskompetansen din til å skape betre kvardagar for menneske med psykiske helseutfordringar og rusutfordringar.

Du blir ein del av eit engasjert og kompetent tverrfagleg miljø med stor grad av sjølvstende, varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Arbeidskvardagen omfattar ambulant oppfølging, samtalar, koordinering og tett samarbeid med brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar.

Arbeidsoppgåver:

  • Følgje opp brukarar og sikre gode tenester i tråd med lovverk, vedtak og faglege retningslinjer.
  • Gi råd, rettleiing og individuell oppfølging.
  • Bidra til struktur, meistring og sosial deltaking i kvardagen.
  • Koordinere tenestetilbod og delta i samarbeidsmøte og ansvarsgrupper.
  • Utarbeide og følgje opp individuell plan (IP) og anna planarbeid.
  • Samarbeide med pårørande, nettverk og aktuelle samarbeidspartnarar.
  • Tilvise til behandling ved behov.
  • Legemiddelhandtering, praktisk bistand og opplæring (PBO).
  • Journalføring og dokumentasjon.

Krav

  • Du må ha bachelor i sjukepleie eller vernepleie.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og i team.

Ferdigheter

Sjukepleie/VernepleieAmbulant oppfølgingKoordinering av tenesterTverrfagleg samarbeidJournalføring og dokumentasjonLegemiddelhandteringRelasjonskompetanse

Erfaring

mid-level

Lignende jobber