Autosøk

Vi søkjer rekneskapsførar -- gjerne statsautorisert

Økonomikontoret Voss AS

Miltzowsgate 2, 5700 Voss

Stillingsbeskrivelse

Vi søkjer rekneskapsførar -- gjerne statsautorisert

Ønskjer du ein variert og sjølvstendig arbeidskvardag i eit solid og triveleg fagmiljø? Me ser etter ein engasjert medarbeidar som ønskjer å utvikle seg innan rekneskap og rådgjeving.

Me oppmodar deg til å søkje uansett kvar du er i karrieren. Hjå oss får du arbeide tett på kundane og vere ein viktig rådgjevar. Arbeidsoppgåver og ansvar blir tilpassa kompetansen og erfaringa di, samstundes som du får moglegheit til å utvikle deg vidare i eit sterkt fagmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Rekneskapsføring frå A til Å
  • Kundekontakt og oppfølging, rådgjeving
  • Årsoppgjer og skattemelding
  • Lønnsarbeid
  • Kvalitetssikring og fagleg utvikling

Me kan tilby

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Eit solid fagmiljø med høg kompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og autorisasjon
  • Variert arbeidskvardag med stor grad av tillit og fleksibilitet
  • Moderne system og gode arbeidsverktøy
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar
  • Gode forsikringsordningar og lønnsvilkår

Krav

  • Du må vere sjølvstendig, strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt.
  • Du må trivast med kundekontakt og samarbeid.
  • Du må kommunisere godt, både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha ei genuin interesse for rekneskap, økonomi og rådgjeving.
  • Du må ønskje fagleg utvikling og vere villig til å ta ansvar.

Ferdigheter

RekneskapsføringÅrsoppgjerSkattemeldingLønnsarbeidRådgjevingKundekontaktKvalitetssikring

Erfaring

mid-level

Lignende jobber