Autosøk

Vil du bli vår nye seljar i VA-avdelinga?

Førde Sementvare AS

Sandbrekka 13, 6813 Førde

Stillingsbeskrivelse

Vil du bli vår nye seljar i VA-avdelinga?

Har du hjarte for VA og lyst til å skape resultat saman med oss? Vi styrkjer laget og søkjer ein framoverlent seljar til VA-avdelinga vår. Vi ser etter deg som kjenner VA-bransjen frå innsida -- gjerne med erfaring frå grøfta, montering eller prosjektgjennomføring -- og som ønskjer å bruke kompetansen din til å skape verdi for kundar og vidare vekst saman med resten av laget.

Kva skal du gjere?

Som seljar i VA-avdelinga blir du ein viktig bidragsytar i vidare utvikling av marknaden vår. Du vil mellom anna:

  • Følgje opp eksisterande kundar og prosjekt
  • Oppsøkje nye kundar og skape nye forretningsmoglegheiter
  • Utarbeide tilbod og forhandle fram gode løysingar
  • Vere ein fagleg sparringspartnar for entreprenørar, kommunar og rådgjevarar
  • Bidra til vekst og lønsemd i marknaden vår

Kvifor velje Førde Sementvare?

Hjå oss får du:

  • Ei sentral rolle i ei sterk og framtidsretta bedrift
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Stor grad av fridom og ansvar
  • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår

Krav

  • Du har erfaring frå VA-bransjen, gjerne frå grøfta eller montering av VA-anlegg.
  • Du har forståing for korleis prosjekt blir planlagde og gjennomførte.
  • Du er utadvendt, sjølvstendig og flink til å byggje relasjonar.
  • Du trivst med kundekontakt og motiverast av å skape resultat.

Ferdigheter

VA-bransjenSalgRelasjonsbyggingProsjektforståingTilbodsskrivingForhandling

Erfaring

mid-level

Lignende jobber