Autosøk

Driftstekniker

Vanlege arbeidsoppgåver kan vere:

Lodalsvegen 22, 6789 Loen

Stillingsbeskrivelse

Vi har 2 ledige 100% stillingar som driftsteknikar ved Hotel Alexandra. Det kan også vere aktuelt med driftsoppgåver på dei andre eigedomane i konsernet, blant anna det nye Loen BASE med hotell, restaurant etc som er planlagt oppført i 2026-2028.

Oppgåver vert tilpassa kvalifikasjonar aktuelle kandidatar har. Vanlege arbeidsoppgåver kan vere:

  • Drift og overvaking av installasjonar som til dømes ventilasjon, varmeanlegg, kjøleanlegg, heisar, basseng, VVS anlegg, nettverk, elektriske anlegg og låsesystem.
  • Vedlikehald, ettersyn og reparasjonar og førebyggande tiltak på utstyr og inventar.
  • Feilretting.
  • Internkontroll, oppfølging av FDV-system og HMS.
  • Kontakt med leverandørar som til dømes innkjøp av materiell og tenester ved behov.

Vi kan tilby:

  • Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver.
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med tett kontakt mot reinhald, kjøkken, resepsjon og leiing.
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår og personalgodar.
  • Naudsynt opplæring, kurs hos leverandørar og liknande.
  • Du vert ein del av ei av Noregs fremste reiselivsbedrifter.

Krav

  • Du har relevant kompetanse innan drift og vedlikehald av tekniske anlegg.
  • Du er nysgjerrig på tekniske utfordringar og har evne til å utføre varierte reparasjonsarbeid.
  • Du kan jobbe effektivt både i team og sjølvstendig.
  • Du er ein allsidig og engasjert person.
  • Du beherskar både norsk og engelsk flytande.

Ferdigheter

Drift og vedlikehaldHMS og internkontrollFDV-systemFeilrettingTeknisk forståingVVS og ventilasjon

Erfaring

mid-level

Lignende jobber