Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Dette blir kvardagen din
Hos Sognekraft er du med frå dei første planane til anlegga er i drift. Me ser etter både erfarne prosjektleiarar og ingeniørar som ønskjer å utvikle seg innan prosjektleiing. Hos oss blir ansvar og oppgåver tilpassa kompetansen, erfaringa og ambisjonane dine.
Arbeidsoppgåver
Som ein del av prosjekt- og utviklingsmiljøet vårt planlegg, utviklar og gjennomfører du utbyggings- og fornyingsprosjekt innan vasskraft. Arbeidet skjer i tett samarbeid med fagmiljø, entreprenørar, rådgjevarar og offentlege styresmakter.
Kven ser vi etter?
Du har interesse for prosjektarbeid og fornybar energi, tek ansvar og trivst med å samarbeide med andre. Enten du er erfaren prosjektleiar eller ønskjer å ta steget inn i prosjektleiing, ønskjer me å høyre frå deg.
Har du byggfagleg bakgrunn, kan damsikkerheit og rolla som Vassdragsteknisk Ansvarleg (VTA) vere eit spennande utviklingsspor. Me legg til rette for kompetansebygging, kurs og gradvis meir ansvar innan oppfølging av vassdragsanlegg.
Derfor trivst me hos Sognekraft
Hos oss får du tillit, ansvar og rom til å utvikle deg. Me er nærare 30 kollegaer i Sognekraft Produksjon og om lag 160 i konsernet. Det gir oss eit fagmiljø med brei kompetanse, samstundes som me er små nok til at du får påverke og kjenne kollegaene dine.
Kvardagen vekslar mellom kontor, prosjektmøte og arbeid ute på anlegg.
Krav
- Du har høgare utdanning innan bygg, elektro, automasjon, maskin eller andre relevante tekniske fag.
- Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha førarkort klasse B for å kunne gjennomføre synfaringar og prosjektoppfølging.
- Du må kunne gjennomgå bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level