Øygarden lokalmedisinske senter
Øygarden kommune Øygarden lokalmedisinske senter
Blombakkane 77, 5354 Straume
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Sjukepleiar 60% fast natt - Øygarden lokalmedisinske senter
Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfaglege tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen.
Pasientane som har døgnopphald kjem i hovudsak til oss frå sjukehuset. Vi har tre avdelingar som alle jobbar med korttidspasientar, i tillegg har avdeling Sør fokus på palliasjon, avdeling Nord ØH-pasientar og 2. etg på rehabilitering. Nattevaktene jobbar saman i eit team.
Arbeidsoppgåver:
- Oppfølging, pleie og behandling av pasientane på natt
- Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål og avdekke kva som er viktig for dei
- Arbeide lojalt og aktivt med Øygarden lokalmedisinske senter sine kvalitetsrutinar og fagprosedyrar
- Rettleiing, opplæring og utviklingsarbeid om studentar på natt
- Tverrfagleg arbeid
- Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Krav
- Du må vere autorisert sjukepleiar.
- Du må kunne snakke og skrive godt norsk.
- Du må ha gode IT-kunnskaper.
- Du må vere systematisk og ha god orden.
- Du må vise engasjement i arbeidet ditt.
Ferdigheter
Lønn
Alle sjukepleiarar i turnus får eit tillegg på kr 35 000 og alle på natt får i tillegg kr 40 000 for nattarbeid.
Erfaring
junior