Autosøk

Lege i spesialisering

Nordfjord psykiatrisenter

Sjukehusvegen 9, 6770 Nordfjordeid

Stillingsbeskrivelse

Lege i spesialisering

Seksjon døgn ved Nordfjord psykiatrisenter har ledig 100 % vikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) frå 01.12.2026 til 31.08.2027.

Vil du arbeide tett med pasientar som opplever psykiske vanskar, og bidra til eit viktig behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta? Hos oss får du ein variert arbeidskvardag og gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit tverrfagleg miljø.

Arbeidsoppgåver

  • Vurdere, greie ut og diagnostisere pasientar med psykiske vanskar og/eller rusproblem
  • Vere kontaktlege for pasientar i døgnbehandling
  • Planlegge og gjennomføre behandling i samarbeid med pasient og tverrfagleg team
  • Samarbeide med pårørande og aktuelle samarbeidspartar
  • Delta i Nordfjord psykiatrisenter si vaktordning
  • Deltaking i tilsynsordning ved Nordfjord sjukehus

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande avtale, med rekruttteringstillegg
  • Tilrettelegging for gjennomføring av spesialisering (LIS-løp)
  • Fagleg utvikling gjennom rettleiing, kurs og internundervisning
  • Eit tverrfagleg miljø med engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til å skaffe bustad

Krav

  • Du må ha norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1.
  • Du må ha klinisk erfaring og/eller interesse for arbeid med psykiske lidingar og rusproblem.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Du må ha gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg.
  • Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.

Ferdigheter

Diagnostisering av psykiske lidingarBehandlingsplanleggingTverrfagleg samarbeidKlinisk vurderingsevneKommunikasjon med pasientar og pårørandeVaktarbeid

Erfaring

mid-level

Lignende jobber