Årdal kyrkje har behov for ny kyrkjetenar
Hjelmeland Kyrkjelege Fellesråd
Årdal kyrkje, 4137 Årdal i Ryfylke
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Årdal kyrkje har behov for ny kyrkjetenar
Kan du tenkje deg ein meiningsfull og sosial deltidsjobb i kyrkja?
Arbeidsoppgåver
Me søkjer etter ein person med praktisk sans som har interesse og forståing for kyrkja sitt arbeid. Kyrkjetenarane har faste arbeidsoppgåver i samband med gudstenester, vigsel, gravferd og andre arrangement i kyrkjene, i tillegg ha ansvar for enkelt vedlikehald. Ved ferieavvikling og sjukdom må ein rekne med å vikariere i Årdal og Fister kyrkje.
Vi tilbyr
Løn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk. Det er gudstenester kvar 3. søndag heile året. Gravferd er på vekedagar og vigsel er vanlegvis på laurdag i sommarhalvåret. Det blir rekna 2 - 3 timar for kvar gong kyrkjetenaren er på jobb i samband med gudsteneste, gravferd, vigsel og andre arrangement.
Krav
- Du må like å ta imot menneske som kjem i kyrkja på ein god måte.
- Du bør ha praktisk sans for å handtere enkle vedlikehaldsoppgåver.
- Du må kunne styre lydanlegg og mikrofonar.
- Du må vere villig til å vikariere i Årdal og Fister kyrkje ved behov.
- Du må ha interesse og forståing for kyrkja sitt arbeid.
Ferdigheter
Erfaring
entry-level