Autosøk

Arealplanrådgjevar

Lom Kommune Sentraladministrasjon

Lom

Stillingsbeskrivelse

Arealplanrådgjevar

Vi skal tilsette ein arealplanrådgjevar i 100 % fast stilling og søkjer etter ein person som kan bidra godt både på planfag og prosess.

Lom og Skjåk kommunar har felles tenester på fagområda plan, byggesak og miljø. Vi er eit fagmiljø med oppgåver på alle nivå i planhierarkiet, og vi handsamar private reguleringsplanforslag, dispensasjonar, byggesaker, forureinings- og utsleppsaker, motorferdsel- og utmarksaker.

Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine

Oppgåveporteføljen på plankontoret er brei, og vi fordeler oppgåver ut frå kompetanse, kapasitet og ønskje. Oppgåver du kan vente deg er mellom anna:

  • Følgje opp og handsame private reguleringsplanar og dispensasjonssøknadar
  • Utarbeide konsekvensutgreiingar
  • Følgje opp saker der naturfare som flaum og skred er tema
  • Skrive uttaler til høyringar
  • Oppfølging av den digitale planbasa, planforvaltning
  • Rettleie innbyggjarar og tiltakshavarar
  • Det kan også vera aktuelt å utarbeide kommunale arealplanar

Kvifor velje oss?

Hjå oss får du:

  • Eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom kollegaer
  • Ansvar og tillit
  • Variasjon i arbeidsoppgåver
  • Rom for fagleg utvikling
  • Fleksibilitet i arbeidstid og arbeidsstad
  • Konkurransedyktig løn
  • Gode pensjonsordningar

Krav

  • Du har relevant høgare utdanning og gjerne relevant arbeidserfaring.
  • Du har kunnskap om plan- og bygningslova og tilhøyrande forskrifter.
  • Du har kunnskap om handtering av naturfare i arealplanlegging.
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk.
  • Du må kunne leie og delta godt i prosessarbeid og samarbeide godt med andre.

Ferdigheter

ArealplanleggingPlan- og bygningslovaGISPlanforvaltningKonsekvensutgreiingSaksbehandling

Erfaring

mid-level

Lignende jobber