Autosøk

Baderomsdesigner /Interiørkonsulent

påliteleg, handlekraftig, effektiv og lagspelar

Strandgata 121, 6060 Hareid

Stillingsbeskrivelse

Baderomsdesigner / Interiørkonsulent

Hjå oss i Hareid Rør & Interiør AS sel vi ikkje berre fliser, maling og baderomsinnreiing – vi sel draumar. Vi hjelper kundane våre med å forvandle badet frå eit praktisk rom til ei personleg oase, skreddarsydd etter deira ønskje og behov.

Vi er ei lokal og solid bedrift med 10 engasjerte medarbeidarar, og har vårt tilhald midt i Hareid sentrum. Som ein viktig del av lokalsamfunnet er vi stolte av å levere kvalitet, fagkunnskap og gode kundeopplevingar – frå idé og planlegging til ferdig resultat.

Din rolle

No leitar vi etter ein engasjert og kreativ baderomsdesigner/interiørkonsulent som vil bli ansiktet utad i butikken vår og hjelpe kundane heile vegen frå idé til ferdig prosjekt. Du vil spele ei viktig rolle i å skape inspirerande og funksjonelle baderomsløysingar, samtidig som du gir kundane trygg og profesjonell rettleiing gjennom heile prosessen.

Arbeidsoppgåver

  • Kundekontakt, rådgiving og behovsavklaring
  • Teikning og design av baderom i Spark Vision
  • Utarbeiding av pristilbod og materialval
  • Oppfølging av kundar gjennom heile prosessen, frå idé til ferdigstilling
  • Samarbeid med rørleggarar, flisleggjarar og andre handverkarar
  • Planlegging av aktivitetar i butikk og på sosiale medium
  • Sørgje for at butikk og utstillingar til ei kvar tid framstår innbydande, presentable og ryddige

Vi tilbyr

  • Utfordrende og spennende arbeidsoppgåver med kunden i sentrum
  • Ein sjølvstendig kvardag med gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Moglegheita til å arbeide med design, kreative løysingar og funksjonelle baderomskonsept
  • Eit godt arbeidsmiljø i ein spennande og framtidsretta bransje
  • Opplæring og oppfølging både internt og gjennom Bademiljø- og Fargerike-kjeda sine leverandørar
  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår

Krav

  • Du har utdanning innan interiørdesign eller relevant erfaring frå baderoms- eller interiørbransjen.
  • Du har gode IT-kunnskapar og erfaring med teikneprogram.
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Du har erfaring med sal og kundeservice.
  • Du er engasjert, sjølvstendig, lærevillig og fleksibel.

Ferdigheter

InteriørdesignSpark VisionSal og kundeserviceRådgivingProsjektleiingSosiale mediumTeikneprogram

Erfaring

mid-level

Lignende jobber