Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Reinhaldsleiar
Eigedoms- og utbyggingsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar.
Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der kvar reinhaldsleiar har ansvar for 1-4 lokasjonar kvar. Vi trur at kvalitet i tenestene vert skapt gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant dei tilsette. Vår ledige stilling som Reinhaldsleiar er for tida knytt til lokasjonane Voss vidaregåandeskule, Voss gymnas, Hjeltnes Produksjonsskule og Sogn hage- og jordbruksskule.
Arbeidsoppgåver
- Leie og motivera dine tilsette og utvikle tenesta ilag med tilsette og brukar.
- Dagleg drift av einingane, opplæring og oppfølging av tilsette.
- Planlegge, kvalitetssikre og koordinere daglege reinhaldsoppgåver.
- Sørgje for eit helsebringande arbeidsmiljø for dei tilsette.
- Sjå til at regler for HMS blir fullt, herunder handterer avvik og setje iverk forbedringstiltak.
- Bestille og administrere reinhaldsmidlar og utstyr.
- Ha det overordna ansvaret for reinhald på lokasjonane du har ansvar for.
- Rekruttering og rapportering til nærmaste leiar.
Vi tilbyr
- Ei spanande stilling med ansvar, utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter.
- Eit svært kompetent leiarteam med eit inkluderande arbeidsmiljø.
- Grundig leiaropplæring med moglegheit for interne og eksterne kurs.
- Støtteapparat (HR, HMSK, løn).
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Krav
- Du må ha erfaring med tillitsbasert personalleiing.
- Du må ha førerkort klasse B.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha god digital kompetanse.
- Det er krav til politiattest.
- Søkjarar utan fagbrev innan reinhald må vere villig til å ta dette.
Ferdigheter
PersonalleiingHMS-oppfølgingKvalitetssikringDigital kompetanseØkonomisk forståingReinhaldsfagleg kompetanseCleanPilotINSTA 800
Erfaring
mid-level