Autosøk

Leiar Pleie og omsorg

Eidfjord Bygdaheim

Lægreid, 5783 Eidfjord

Stillingsbeskrivelse

Leiar Pleie og omsorg

Vil du vere med og forme framtidas pleie- og omsorgstenester - i ein liten kommune med stort hjarte, der naturen gjev energi og arbeidsdagen gjev meining?

Dette er jobben for deg som vil vere tett på både folk og fag, og som trivst med å vere ein synleg og samlande leiar. Du får ein arbeidskvardag der du ser menneska bak tala, og der innsatsen din betyr noko.

Som leiar for pleie og omsorg får du ei nøkkelrolle i å utvikle tenestene våre. Du får ansvar for drift, fag, økonomi og personal, og blir ein sentral del av leiargruppa i helse- og omsorgssektoren.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie og vidareutvikle pleie- og omsorgstenestene i tråd med lovverk, politiske vedtak og økonomiske rammer.
  • Ansvar for dagleg drift, fag, kvalitet, økonomi og personale.
  • Sikre heilskaplege, trygge og koordinerte pasientforløp.
  • Arbeide systematisk med kvalitetsforbetring, HMS og pasienttryggleik.
  • Personalansvar for alle tilsette i eininga.
  • Planleggje og følgje opp arbeidstid, årsturnus, bemanningsplanar og ferieavvikling.
  • Vere ein pådrivar for digitalisering og velferdsteknologi.

Me tilbyr:

  • Ei spanande og meiningsfull leiarstilling med stor påverknadskraft.
  • Eit godt fagmiljø med kompetente og engasjerte medarbeidarar.
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Krav

  • Du må ha minimum 3-årig utdanning på høgskule- eller universitetsnivå.
  • Du må ha leiarutdanning og/eller relevant erfaring.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Du må ha kunnskap og erfaring frå tenesteområdet.
  • Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

Ferdigheter

LeiarerfaringPersonalansvarØkonomistyringKvalitetsforbetringHMS-arbeidDigitalisering og velferdsteknologiEndringsleiing

Erfaring

mid-level

Lignende jobber