Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Stryn tannklinikk ligger i sentrum av Stryn som ligger innerst i Nordfjord omgitt av høge fjell og djupe fjordar. Stryn tannklinikk har 3 tannlegar, 2 tannpleiarar, 4 sekretærerer og oralkirurg frå TK Vestland.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis.
Arbeidsoppgåver
Som tannpleiar hos oss vil du mellom anna:
- Jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer.
- Utføre klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
- Halde deg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling.
- Jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste.
- Deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drifta av klinikken.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar.
- Ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
- Løn etter gjeldande tariff.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Krav
- Du har norsk autorisasjon som tannpleiar.
- Du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg.
- Du må ha godkjend politiattest.
Ferdigheter
Klinisk tannpleiePasientbehandlingFørebyggjande tannhelsearbeidKommunikasjon og relasjonsbyggingHMS-arbeidKvalitetsutvikling
Lønn
Løn etter gjeldande tariff
Erfaring
mid-level