Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Leiar for helsedata og dataflyt
Bli med og utvikle morgondagens helsetenester gjennom smartere bruk av data. Vi søker no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman.
Helse Fonna byggjer no eit sterkt fagmiljø for teknologi og dataflyt, og vi søker ein funksjonsleiar for helsedata og dataflyt som vil spele ei nøkkelrolle i korleis vi samlar, forvaltar og brukar helsedata.
Hos oss får du kombinere leiing med operativt arbeid, påverke korleis system blir integrerte, og sikre at data flyt der det trengst – frå kliniske system og medisinteknisk utstyr, og etter kvart også frå pasientane sine heimar.
Du rapporterer til avdelingsleiar for teknologi og dataflyt, og inngår i leiargruppa. Du får personalansvar for ein seksjon med 21 medarbeidarar som jobbar med systemforvaltning, integrasjonar og helsedata/pasientdata.
Kva går jobben ut på?
- Leie og utvikle seksjonen, med ansvar for medarbeidarar og fagmiljø
- Sikre stabil drift og god forvaltning av pasientdatasystem
- Ha ansvar for integrasjonar og samspel mellom system
- Leie og bidra i prosjekt, samt prioritere og forbetre arbeidet kontinuerleg
- Samarbeide med kliniske miljø og sikre personvern og informasjonssikkerheit
- Vidareutvikle struktur, arkitektur og beste praksis for dataflyt
Krav
- Du må ha relevant høgare utdanning innan IT, teknologi, helse eller liknande.
- Du må ha erfaring med prosjektleiing eller leiing av større leveransar.
- Du må ha god forståing for personvern og informasjonssikkerheit.
- Det er ønskelig med erfaring innan integrasjonar mellom system som API-ar, meldingsutveksling eller dataplattformer.
- Det er ønskelig med erfaring med systemforvaltning eller helsedata og kliniske system.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level