Lege i spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdomar
Legar gynekologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Lege i spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdomar
Vil du bli ein av 8 Leger i spesialisering på føde- og gyn. i Ålesund? Vi har ledig ei 100% fast stilling frå 15.09.26, og eit 100% vikariat i 6 mnd med oppstart etter avtale.
Seksjon for legar, gynekologi er ein del av Avdeling for kvinnesjukdomar, barnemedisin og habilitering. Det er ei mellomstor avdeling i nasjonal samanheng. Dette inneber at vi har dei fleste gynekologiske og obstetriske problemstillingane i vår avdeling, f.eks. risikograviditetar frå svangerskapsveke 26 og vi utfører mange typar gynekologiske operasjonar.
Arbeidsoppgåver:
- Visittgang ved gynekologisk sengepost og føde/barsel.
- Dagleg poliklinisk aktivitet med både gynekologisk og obstetrisk poliklinikk.
- Oppfølging av pasientar ved kreftavdelinga og kreftpoliklinikken.
- Operativ aktivitet ved operasjonsavdelinga og dagkirurgisk eining.
- Deltaking i 8-delt vaktordning.
Vi tilbyr:
- Sterkt tverrfagleg samarbeid.
- Ein inkluderande arbeidsplass.
- Løn etter gjeldande overeinskomstar.
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.
Krav
- Du må meistre godt norsk, både skriftleg og munnleg.
- Du må ha norsk autorisasjon som lege.
- Du må ha godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning.
- Du må vere strukturert, nytenkjande og teamorientert.
- Du må vere personleg eigna for stillinga.
Ferdigheter
GynekologiFødselshjelpObstetrikkKirurgiPasientoppfølgingTverrfagleg samarbeidDigitale ferdigheiter
Erfaring
junior