Funksjonsleiar for helsedata og dataflyt
Klinikk for medisinske tenester og beredskap, Haugesund Sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Funksjonsleiar for helsedata og dataflyt
Bli med og utvikle morgondagens helsetenester gjennom smartere bruk av data. Vi søker no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman.
Helse Fonna byggjer no eit sterkt fagmiljø for teknologi og dataflyt, og vi søker ein funksjonsleiar for helsedata og dataflyt som vil spele ei nøkkelrolle i korleis vi samlar, forvaltar og brukar helsedata.
Hos oss får du kombinere leiing med operativt arbeid, påverke korleis system blir integrerte, og sikre at data flyt der det trengst – frå kliniske system og medisinteknisk utstyr, og etter kvart også frå pasientane sine heimar.
Kva går jobben ut på?
- Leie og utvikle seksjonen, med ansvar for medarbeidarar og fagmiljø
- Sikre stabil drift og god forvaltning av pasientdatasystem
- Ha ansvar for integrasjonar og samspel mellom system
- Leie og bidra i prosjekt, samt prioritere og forbetre arbeidet kontinuerleg
- Samarbeide med kliniske miljø og sikre personvern og informasjonssikkerheit
- Vidareutvikle struktur, arkitektur og beste praksis for dataflyt
Krav
- Relevant høgare utdanning innan IT, teknologi, helse eller liknande.
- Erfaring med prosjektleiing eller leiing av større leveransar.
- God forståing for personvern og informasjonssikkerheit.
- Ønskeleg med erfaring innan integrasjonar mellom system som API-ar, meldingsutveksling eller dataplattformer.
- Ønskeleg med erfaring med systemforvaltning eller dataplattformer.
- Ønskeleg med erfaring frå helsedata eller kliniske system.
Ferdigheter
ProsjektleiingSystemforvaltningInformasjonssikkerheitPersonvernSystemintegrasjonDataflytLeiarerfaringTeknologiforståing
Erfaring
mid-level