Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Ulvik søkjer sjukepleiarar!
På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein sjukepleiar som vil vere med i eit lite fagmiljø med godt samarbeid og høg fagleg kvalitet.
Om stillinga
Som sjukepleiar på Ulvik Omsorgstun har du varierte oppgåver på sjukeheim og i heimetjenesta. Du har for tida arbeid kvar fjerde helg med arbeidstid på dag og kveld og beredskapsvakter på natt.
Oppgåver
- Fagleg ansvar for vurderingar, tiltak og planlegging.
- Kliniske vurderingar, tiltaksplanar og legemiddelhandtering.
- Ansvarsvakt og leiing av team.
- Beredskapsvakt på natt.
- Pleie, omsorg og oppfølging av pasientar i sjukeheim og heimesjukepleie.
- Observasjon, dokumentasjon og samarbeid i tverrfagleg team.
- Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø.
- Samhandling med pasientar og pårørande.
- Rettleiing av kollegaer og studentar.
Me tilbyr
- Rekrutteringstillegg kr 12 000.
- Årsturnus med moglegheit for påverknad.
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
- Arbeidsplass i moderne lokale og tilgang til gode tjenestebilar.
- Flyttegodtgjersle ved flytting til Ulvik herad (med 100% dekking av flytteutgifter).
- Moglegheit for sletting av studielån.
Krav
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar.
- Du må ha gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2).
- Du må kunne leggje fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova §5-4.
- Det er ønskjeleg med førarkort klasse B.
- Erfaring frå kommunal helse- og omsorgsteneste vert vektlagt.
Ferdigheter
SjukepleieKliniske vurderingarLegemiddelhandteringDokumentasjonTverrfagleg samarbeidRettleiing
Lønn
Rekrutteringstillegg kr 12 000
Erfaring
mid-level