Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Næringssjef
Sula kommune og Sula Næringsforeining søkjer næringssjef (100 % stilling). Sula er ein kommune med sterke røter, ein sterk frivillig sektor og eit mangfaldig næringsliv. Vi har vilje til å lykkast saman i arbeidet med å skape eit vekstkraftig og attraktivt samfunn.
Om stillinga
Vi lyser no ut ei nyoppretta 100 % stilling som næringssjef i eit tett og forpliktande samarbeid mellom Sula kommune og Sula Næringsforeining. Dette er ei nøkkelrolle for deg som trivst i skjæringspunktet mellom offentleg forvaltning, næringsliv, kultur og frivillig sektor.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein tydeleg kontakt- og koordineringsfunksjon mellom kommune, næringsliv, kultur og frivilligheit.
- Ha ansvar for å koordinere arbeidet i Sula Næringsforening og fungere som dagleg leiar for foreninga.
- Ha overordna ansvar for Hoppid-ordninga i Sula kommune og bidra til gode rammevilkår for gründerar og etablerarar.
- Følgje opp og bidra til gjennomføring av vedteken næringsstrategi.
- Legge til rette for møteplassar, prosjekt og felles initiativ.
- Arbeide aktivt med søknader om eksterne tilskots- og støtteordningar.
- Synleggjere næringslivet i Sula – både internt i kommunen og eksternt.
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
- Ei fri og sjølvstendig stilling med stort ansvar og stort handlingsrom.
- Fleksibilitet og høg grad av tillit i utøvinga av rolla.
Krav
- Du har relevant høgare utdanning og/eller solid erfaring frå næringsutvikling, prosjektleiing eller samfunnsutvikling.
- Du har god forståing for samspel mellom offentleg sektor, næringsliv og frivilligheit.
- Du jobbar strukturert, sjølvstendig og samstundes inkluderande.
- Du kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg.
- Du har gjennomføringsevne og lyst til å skape noko saman med andre.
Ferdigheter
NæringsutviklingProsjektleiingSamfunnsutviklingRelasjonsbyggingKoordineringSøknadsskrivingStrategisk planlegging
Lønn
Lønn etter avtale
Erfaring
mid-level