Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Rettleiar/sakshandsamar ved Nav Lom og Skjåk
Vi søkjer rettleiar/sakshandsamar ved Nav Lom og Skjåk i 100 % stilling. Nav Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom stat, Lom kommune og Skjåk kommune, der Skjåk kommune er vertskommune. Kontoret har ni tilsette og er lokalisert i Bismo.
Arbeidsoppgåver:
- Råd og rettleiing innanfor for eksempel aktivitet og arbeid, økonomi og førebygging av sosiale vanskar.
- Engasjere og motivere både jobbsøkjarar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnerar.
- Vere aktiv i høve til at flest mogleg oppnår sitt mål om til tilknyting til arbeidslivet.
- Samarbeide og finne gode løysingar med kollegaer, arbeidsgjevarar, helsevesen og andre involverte.
- Handtere fleire datasystem for å løyse Nav sine oppgåver i hovudsak økonomisk sakshandsaming og rettleiing.
- Tett samarbeid med andre aktørar i samfunnet.
- Forvaltning av private personar sin økonomi.
Krav
- Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
- Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, då nynorsk er administrasjonsspråk.
- Digitalkompetanse og evne til å setje seg inn i nye arbeidsmetodar.
- Førarkort klasse B.
Ferdigheter
RettleiingSakshandsamingMotivasjonsarbeidSamarbeidsevnerDigitalkompetanseKommunikasjonsevnerOmstillingsevne
Erfaring
mid-level