Vi treng fleire dyktige portørar, vil du bli med på laget?
Drift- /teknisk divisjon/ Hospitaldrift Transport/ Pasientportørtenesta, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Vi treng fleire dyktige portørar, vil du bli med på laget?
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Pasientportørtenesta er ein intern serviceseksjon med døgnkontinuerleg drift. Vår hovudaktivitet er pasienttransport, både på sjukehuset og til andre einingar i Helse Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Transport av pasient i seng/bil/ rullestol
- Transport av reine og skitne senger
- Transport av blodprodukt, prøver og varer
- Henting og transport av pasientar som kjem med helikopter
Arbeidet inneber mykje fysisk aktivitet og kan vere både fysisk og psykisk krevjande. Stillinga medfører pt. 3-skiftsarbeid i turnus pt på dag, kveld, natt og 3.kvar helg.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Gjevande og variert arbeidsdag
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Bedriftsidrettslag
Krav
- Du må ha førarkort klasse B.
- Du må ha særs god norsk munnleg framstilling.
- Du må ha grunnleggande datakunnskapar.
- Du må kunne arbeide i 3 skift.
- Du må vere ansvarsbevisst, serviceinnstilt og ha gode kommunikasjonsevner.
Ferdigheter
PasienttransportLogistikkforståingFørarkort klasse BServiceinnstillingKommunikasjonsevnerFysisk uthald
Erfaring
entry-level