Overlege, spesialist i psykiatri
Kronstad DPS/ Kronstad psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF
Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Overlege, spesialist i psykiatri
Ønskjer du å gjere ein forskjell i psykiatrien? Vi søkjer ein engasjert overlege i psykiatri til Psykosepoliklinikken/FACT ved Kronstad DPS.
Psykosepoliklinikken tilbyr eit veletablert, stort og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Vi ser etter ein kollega som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit kunnskapsbasert og heilskapleg behandlingstilbod til menneske med psykoselidingar og samansette psykiske helseutfordringar.
Som ein del av vårt framoverlente og innovative fagmiljø arbeider vi etter FACT-modellen (Flexible Assertive Community Treatment). Gjennom kombinasjonen av poliklinisk og oppsøkande behandling tilbyr vi fleksibel oppfølging tilpassa den enkelte pasienten sine behov.
Arbeidsoppgåver
- Ha medisinskfagleg ansvar for utgreiing, diagnostisering, behandling og oppfølging av pasientar med psykoseproblematikk.
- Delta i nysykeutgreiingar og bidra til diagnostisk avklaring ved komplekse kliniske problemstillingar.
- Utføre både poliklinisk og oppsøkande behandling i tråd med FACT-modellen.
- Bidra i planlegging og gjennomføring av individuelle behandlingstiltak, gruppetilbod og rehabiliteringsforløp.
- Delta aktivt i familie- og pårørandearbeid.
- Bidra med kliniske vurderingar, faglege drøftingar og rettleiing i tverrfaglege teammøte.
- Samarbeide tett med kommunale tenester, fastlegar og andre delar av spesialisthelsetenesta.
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som lege.
- Du må vere godkjend spesialist i psykiatri.
- Du må meistre norsk språk godt, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha gode samarbeidsevner og erfaring med tverrfagleg arbeid.
- Erfaring med FACT-modellen eller tilsvarande tverrfagleg tilnærming er ein fordel.
Ferdigheter
Erfaring
senior