Sjukepleiar til 60-80% fast nattevaktsstilling ved Kirurgisk klinikk post 3
Kirurgisk klinikk/ Post 3 gastrokirurgi, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Sjukepleiar til 60-80% fast nattevaktsstilling ved Kirurgisk klinikk post 3
Vil du ha ei meiningsfull og spennande nattevaktstilling der du verkeleg får brukt kompetansen din som sjukepleiar?
Kirurgisk klinikk post 3 er ein del av Avdeling for Gastro- og akuttkirurgi, og tek hand om pasientar med sjukdommar i heile mage-tarmsystemet. Posten har 20 senger og behandlar både elektive og akutte pasientar, noko som gir varierte arbeidsdagar og høg fagleg utvikling – også på natt.
Du får moglegheit til å jobbe sjølvstendig, samstundes som du har støtte frå dyktige og engasjerte kollegaer. Post 3 er kjend for eit godt arbeidsmiljø, høg trivsel og ein kultur der ein stiller opp for kvarandre.
Avdelinga er opptatt av fagleg oppdatering og innovasjon, og vi legg til rette for at du kan utvikle deg vidare som sjukepleiar. Post 3 jobbar tett saman med dei andre postane i Kirurgisk klinikk, noko som gir godt samarbeid og tryggleik i arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til kirurgiske pasientar, pre- og postoperativt
- Sjukepleie til palliative pasientar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Godt arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Sjukepleiefagleg rettleiing
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Du må ha relevant sjukehuserfaring.
- Du må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg.
- Du må vere pasientorientert og trivast i eit aktivt og travelt miljø.
- Du må vere ein god teamarbeider som er ansvarsbevisst og fleksibel.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level