Autosøk

Er du vår nye leder?

Alver kommune

Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø

Stillingsbeskrivelse

Er du vår nye leder?

Alver kommune søker ein trygg, strategisk og relasjonelt sterk einingsleiar for barnevernstenesta si avdeling for mottak- og undersøking.

Om stillinga

Som einingsleiar har du det overordna ansvaret for eininga, under dette personal-, økonomi- og fagansvar. Du leier ei avdeling med dyktige og erfarne tilsette, og vil ha ei sentral rolle i vidareutviklinga av avdelinga. Stillinga inngår i leiargruppa for barnevernstenesta, og gir høve til å påverke både strategiske val og den samla retninga til tenesta.

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg leiing av Avdeling for mottak - og undersøking.
  • Leiar for nyoppretta innsatsteam.
  • Personalansvar for tilsette i avdelinga.
  • Økonomistyring og budsjettansvar.
  • Overordna fagansvar og kvalitetssikring av tenesta.
  • Vidareutvikling av struktur, samhandling og fagleg praksis.
  • Bidra aktivt i leiargruppa til barnevernstenesta.
  • Samarbeid med interne og eksterne aktørar.

Krav

  • Du må ha sosialfagleg utdanning.
  • Du må ha erfaring frå barnevernteneste.
  • Du må vere balansert, trygg og vedtaksfør.
  • Du må ha svært gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit.
  • Du må kunne tenke strategisk og langsiktig.
  • Du må kunne framvise tilfredsstillande politiattest i tråd med barnevernlova.

Ferdigheter

LeiingPersonalansvarØkonomistyringStrategisk planleggingBarnevernfaglig kompetanseRelasjonsbyggingKvalitetssikring

Erfaring

senior

Lignende jobber