Autosøk

Bedriften er i vekst og vi søker etter baderomsdesigner /Interiørkonsulent

Hareid Rør & Interiør AS

Strandgata 121, 6060 Hareid

Stillingsbeskrivelse

Baderomsdesigner / Interiørkonsulent

Hareid Rør & Interiør AS er i vekst og søker etter en engasjert og kreativ baderomsdesigner/interiørkonsulent. Vi sel ikkje berre fliser, maling og baderomsinnreiing – vi sel draumar. Som ein viktig del av lokalsamfunnet leverer vi kvalitet, fagkunnskap og gode kundeopplevingar.

Din rolle

Du vil bli ansiktet utad i butikken vår og hjelpe kundane heile vegen frå idé til ferdig prosjekt. Du vil spele ei viktig rolle i å skape inspirerande og funksjonelle baderomsløysingar, samtidig som du gir kundane trygg og profesjonell rettleiing.

Arbeidsoppgåver

  • Kundekontakt, rådgiving og behovsavklaring.
  • Teikning og design av baderom i Spark Vision.
  • Utarbeiding av pristilbod og materialval.
  • Oppfølging av kundar gjennom heile prosessen, frå idé til ferdigstilling.
  • Samarbeid med rørleggarar, flisleggjarar og andre handverkarar.
  • Planlegging av aktivitetar i butikk og på sosiale medium.
  • Sørgje for at butikk og utstillingar til ei kvar tid framstår innbydande, presentable og ryddige.

Krav

  • Du har utdanning innan interiørdesign eller relevant erfaring frå baderoms- eller interiørbransjen.
  • Du har gode IT-kunnskapar og erfaring med teikneprogram.
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Du har erfaring med sal og kundeservice.
  • Du er sjølvstendig, lærevillig og fleksibel.

Ferdigheter

InteriørdesignBaderomsdesignSpark Vision (teikneprogram)Sal og kundeserviceRådgjevingProsjektoppfølgingSosiale medium

Erfaring

mid-level

Lignende jobber