Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Kvalitetsingeniør
Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. No ønskjer me å styrkje kvalitetsavdelinga med to nye kvalitetsingeniørar som vil vere med på å vidareutvikle kvalitetsarbeidet vårt.
Om stillinga
Stilling som kvalitetsingeniør er ei nøkkelrolle i arbeidet med å nå konsernets visjon. Målet med rollane er å sikre at Eide har strukturane, systema og prosessane som trengs for å sikre kvalitet i alle ledd – frå produksjon og produktutvikling til sertifisering og etterleving av gjeldande krav.
Ansvarsområder
- Bidra til at konsernet etterlev aktuelle lovar, forskrifter, sertifiseringar og standarder.
- Følge opp kvalitetssystemet, inkludert registrering, behandling og oppfølging av avvik.
- Bistå med risikoanalysar.
- Byggje system og prosessar i kvalitetssystemet Landax.
- Planleggje, gjennomføre og følge opp interne revisjonar, sertifiseringsrevisjonar og eksterne revisjonar.
- Identifisere forbetringsområde og bidra til kontinuerleg forbetring, inkludert Lean-initiativ.
Me søkjer no etter to personar der primæransvar vil vera oppfølging av drift for den eine og oppfølging av teknologiprodusenten Watermoon for den andre.
Krav
- Relevant utdanning innan kvalitetsarbeid, ingeniørfag, produksjon, akvakultur eller tilsvarande.
- Erfaring med kvalitetsarbeid, kvalitetssystem, dokumentasjon, avvikshandtering eller prosessforbetring er ønskeleg.
- Kjennskap til relevante standardar, sertifiseringar og lovkrav, gjerne NS 9415:2021, Nytek23 eller ISO 9001.
- Gode digitale ferdigheiter og evne til å arbeida strukturert og systematisk.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Førerkort klasse B.
Ferdigheter
KvalitetsstyringRisikoanalyseRevisjon (intern/ekstern)Landax (kvalitetssystem)Prosessforbetring (Lean)Dokumentasjon og rapporteringAkvakultur/Havbruk (kunnskap)HMS-oppfølging
Erfaring
mid-level