Autosøk

Tilkallingsvikar

Avdeling Lepsøy barnehage, Haram kommune

Lepsøyvegen 23, 6292 Kjerstad

Stillingsbeskrivelse

Om jobben

Lepsøy barnehage ligg sentralt til på Lepsøya med kort veg til fjell, fjøre, butikk og idrettsområde. Barnehagen har 16 barn og 5 tilsette fordelt på to grupper. Visjonen vår er "saman skaper vi tillit, tryggleik og trivsel" og det jobbar vi mot kvar dag - for både barn og tilsette.

Vi treng no fleire tilkallingsvikarar som kan trå til på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Dette kan vere for korte eller lengre periodar. Vi søker etter dyktige vikarar som er aktive, leikne, omsorgsfulle og trygge vaksne.

Arbeidsoppgåver

Arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer. Herunder:

  • Bidra til at det enkelte barnet får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
  • Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barnet
  • Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
  • Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innanfor dei rammene ein har blitt einige om
  • Følge opp den rettleiinga ein får
  • Ansvar for å sette seg inn i og følge barnehagen sine HMS-prosedyrar

Vi tilbyr

  • Givande arbeid i gode fag- og arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å bestemme sjølv kor mykje du vil arbeide og når
  • Tilgong til kurs og kompetansehevande tiltak
  • Løn etter tariff

Krav

  • Du må ha eit ønske om å arbeide med barn.
  • Du må ha god omsorgsevne og evne til å sjå og lytte til barna sine behov.
  • Du må ha gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.
  • Du må kunne legge fram tilfredstillande politi- og tuberkulinattest.
  • Du må ha gode norskkunnskapar i tråd med Barnehagelova §27.

Ferdigheter

OmsorgsevneKommunikasjonSamarbeidsevnerFleksibilitetLøysingsorientertPedagogisk forståing

Lønn

Løn etter tariff

Erfaring

entry-level

Lignende jobber