Helgestilling for sjukepleiarstudentar
Rehabiliteringsklinikken/ AFMR post 2, Helse Bergen HF
Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Helgestilling for sjukepleiarstudentar
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) Post 2 søker sjukepleiarstudentar til fast helgestilling ca 17%.
AFMR er ein del av ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen og held til på Nordås. Avdelinga har to sengepostar med til saman 33 senger. Vi gir tilbod til pasientar som treng utgreiing, vurdering og rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Pasientane på sengepost blir overført tidleg som ein del av akuttforløpet. Som tilsett hos oss får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar og med spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase.
Arbeidsoppgåver
- Pleie til pasientar med behov for spesialisert rehabilitering etter ulike sjukdommar/skadar
Vi tilbyr
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Relevant opplæring
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Krav
- Du må vere sjukepleiarstudent.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
- Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta og strukturert.
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer.
Ferdigheter
SjukepleieRehabiliteringPasientoppfølgingTverrfagleg samarbeidKommunikasjon
Lønn
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Erfaring
entry-level